Mahmoud Farahmand
Norsk høgrepolitiker From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mahmoud Farahmand (fødd 15. september 1979) er ein iranskfødd, norsk politikar som sidan 2021 har representert Telemark og partiet Høgre på Stortinget.
Farahmand-familien flykta frå Iran i 1987. I Noreg utdanna Mahmoud Farhmand seg til elektronikkingeniør 2000-03 ved Høgskulen i Telemark. Frå 2003 til 2011 var han tilsett i det norske Forsvaret, fullførte Krigsskulen i 2009 og gjorde teneste i Afghanistan. Sidan den tid har han jobba i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Jarnbaneverket, Bane NOR og rekneskaps-selskapet BDO.
Valperioden 2015-19 var Farahmand medlem i Porsgrunn bystyre. Hausten 2021 vart han vald til stortingsrepresentant frå Telemark og Høgre. På Tinget er han medlem i Finanskomiteen.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads