Mahé

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mahé
Remove ads

Mahé er den største øya i Seychellane. Ho ligg i Indiahavet, eit stykke aust for det afrikanske fastlandet. Øya er ei 6 km brei og 25 km lang øy, og har ei yte på 153 km².[1] Mahé har ei befolkning på 78.539 innbyggjarar (2011).[1] Mahé er hovudøya i øygruppa Seychellane. Ho husar 90% av folkesetnaden i landet,[1] hovudstaden Victoria[2] og den einaste hamna på Seychellane.

Kjappe fakta Land, Areal ...

Mahé er ei granittøy der det høgaste punktet er Morne Seychellois på 905 moh. Fjellet ligg i ein nasjonalpark med same namn. Ved øya ligg òg dei marine nasjonalparkane Port Launay og Sainte- Anne. Frå Mahé blir det eksportert kopra, kanel, patchouli og vanilje.[1]

Ho har namn etter Bertrand-François Mahé de La Bourdonnais, ein fransk guvernør for Isle de France (dagens Mauritius).

Remove ads

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads