Majavatnet
innsjø i Grane i Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Majavatnet (sørsamisk: Maajehjaevrie) er to vatn, Store Majavatnet og Litl-Majavatnet, som ligg i Grane kommune i Nordland fylke. Vatna ligg øvst i Svenningdals-/Vefsnavassdraget, og har tilsig frå Tomasvatnet i aust og Steinvatna i sørvest. Avløpet er mot nord via Flya, Litl-Majavatnet, Sefrivatnet, Kjerringvatnet og Store Svenningsvatnet til Svenningdalselva.
Det store Majavatnet er 16 km², Litl-Majavatnet (Ohtje Maajehjaevrie) er 3 km². Vasskiljet mot Namdalen og Namsen er like sør for Majavatnet, der det berre er 100 meter til første bekken som renn sørover. På austsida av innsjøen går både E 6 og Nordlandsbanen, med stasjon i tettstaden Majavatn.
Ved Majavatn-tragedien under andre verdskrigen i oktober 1942 fall 34 nordmenn, fleire vart arresterte, andre måtte forlate landet.[2]
Majavatnet ligg i sørsamisk område, og sørsamisk språk har stått sterkt blant sørsamane som bur her.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads