Makassarsundet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Makassarsundet
Remove ads

Makassarsundet (indonesisk Selat Makassar) er eit smalt, djupt sund mellom øyane Borneo og Sulawesi i Indonesia. I nord går sundet over i Sulawesihavet medan sundet i sør munnar ut i Javahavet. Sundet er 600–800 km langt[1][2] og frå 120 til 370 km breitt.[2] Største djupna i Makassarsundet er 2 458 meter. Sundet er ein del av Wallacelinja.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Makassarsundet

Hamnebyane Balikpapan på Borneo, og Makassar og Palu på Sulawesi, ligg på høvesvis vestida og austsida av Makassarsundet. Makassarsundet er vanleg rute for havgåande fartøy som er for store til å passere gjennom Malakkasundet.

Det finst ei rekkje øyar i sundet. Dei største er Lautøya og Sebuku.[2] Mahakam- og Karanganelva på Borneo renn ut i sundet.[2]

4. februar 1942 vart utkjempa eit stort sjøslag mellom den japanske marinen på den eine sida og allierte styrkar frå Nederland og USA på den andre. Etter fem dagar mislukkast dei allierte i å hindra japanarane i å gå i land ved Balikpapan, og dei japanske styrkane kunne byrja okkupasjonen sin av Nederlandsk Borneo.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads