Gresk Makedonia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gresk Makedonia
Remove ads

Makedonia (gresk Μακεδονία) eller Gresk Makedonia er den største og nest mest folkerike av dei tradisjonelle regionane i Hellas. I lag med regionane Thessalía og Thráki vert det ofte uoffisielt kalla Nord-Hellas.

Kjappe fakta Land, Periferi ...

Området dekkjer det meste av det gamle Kongedømet Makedonia, fødestaden til Aleksander den store. Namnet har seinare vorte nytta om ein større del av Balkan berre kalla Makedonia, der Gresk Makedonia utgjer 52,4 % av arealet og 52,9 % av folketalet. Det var ein del av Det osmanske riket fram til 1912. I 1913 vart det meste av dei osmanske områda i Europa (inkludert Makedonia) delt mellom dei omliggande landa Hellas, Serbia, Bulgaria, Albania og Montenegro.

Remove ads

Historie

Thumb
Kart over Aleksander den store sitt rike.

Utdjupande artiklar: Antikkens Hellas, Antikkens Makedonia, Aleksander den store og Den romerske provinsen Makedonia

Namn

Makedonia er eit gresk namn.

Geografi

Makedonia dekkjer eit areal på 34 177 km² og utgjer den nordlege delen av det greske fastlandet. Hovudstaden i Makedonia er Thessaloníki. Makedonia grensar til Albania, Nord-Makedonia og Bulgaria i nord, til Thráki i aust, Ípiros i vest og Thessalía i sør.

Byar

Dei største byane i Makedonia (2021) er:[1]
1. Thessaloníki (hovudstad)784 695
2. Sérres59 260
3. Kateríni56 961
4. Kavála51 947
5. Drama43 445
6. Véria42 508
7. Kozáni42 140
8. Ptolemaída31 537
9. Jannitsá28 759
10. Kilkís23 182
11. Náousa17 830
12. Flórina17 188
13. Edessa17 168
14. Alexándria15 042
15. Kastoriá12 548
16. Grevená12 293
17. Néa Moudaniá10 042

Periferiane og periferieiningane

Dei tre makedonske periferiane og periferieiningane deira er:

Meir informasjon Kart over Makedonia, Tal ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads