Periferieininga Grevená

From Wikipedia, the free encyclopedia

Periferieininga Grevená
Remove ads

Periferieininga Grevená (gresk Περιφερειακή ενότητα Γρεβενών, Periferiakí enótita Grevenón) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Grevená.

Meir informasjon Periferieininga Grevená Περιφερειακή ενότητα Γρεβενών ...

Mykje av periferieininga er fjellkledd, og ho er den periferieininga i Hellas som har færrast innbyggjarar. Ho vart oppretta i 1967 ut av det gamle prefekturet Grevená-Kozáni, der Kozáni var hovudstad. Grevená grensar til periferieiningane Ioánnina i vest, Kastoriá i nordvest, Kozáni i nord og aust, Lárisa i søraust og Tríkala i sør.

Av fjell finn ein Lýgos i vest, Khásia i sørvest og sør og Voúrinos i nordaust. Den lengste elva er Aliákmonas som renn i aust, sentrale område og i nord.

Økonomien baserer seg på jordbruk, økoturisme, skogbruk og skiturisme i Vasilítsa, som er ein populær destinasjon for vinterturistar.

Remove ads

Administrativ inndeling

Tidlegare var Grevená eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i to kommunar.[2]

Meir informasjon Periferieining, Kommune ...
Remove ads

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Meir informasjon Tettstad, Kommune ...
Remove ads

Referansar

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads