Makhtesh Ramon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Makhtesh Ramon
Remove ads

Makhtesh Ramon (hebraisk מכתש רמון, tyder 'Ramonkrateret'; arabisk وادي الرمان) er ein erosjonssirkel i Negevørkenen i Israel. Han ligg på toppen av Negevfjellet, kring 85 km sør for byen Beer Sheva. Landforma ser ut som eit krater, men er i røynda den største makhteshen i verda. Krateret er 40 km langt, 2–10 km breitt og 500 meter djupt, og er forma som eit langstrekt hjarte. Den einaste busetnaden i området er den vesle byen Mitzpe Ramon (מצפה רמון, «Ramon observasjonspunkt») som ligg langs nordkanten av krateret. I dag dannar krateret og området rundt den største nasjonalparken i Israel, Ramon naturreservat.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Danning

For fleire hundre millionar år sidan var Negevørkenen dekt av eit hav. Havet trekte seg gradvis nordover og etter let seg ein pukkelforma ås. Pukkelen vart langsamt flata ned av vatn og vêr. For kring fem millionar år sidan vart Aravadalen danna og elvane endra løpet sitt og grov ut innsida av krateret, som hadde mjukare bergartar enn fjellet som låg over. Elva grov seg stadig djupare og er id ag 500 meter djup. Det lågaste punktet er Ein Saharonim (Saharonimkjelda) som er den einaste naturlege vasskjelda i dalen.

Remove ads

Historie

Ruinane av ein stor, førhistorisk steinstruktur kalla Khan Saharonim ligg i dalen, langs den gamle Røykjelsevegen, ein handelsveg som vart nytta av nabatearane for 2 000 år sidan. Desse ruinane var ein stoppestad for kjøpmenn og dyra deira (khan er eit arabisk ord for ein karavanserai) som var på veg vidare vestover til Middelhavet og Gaza.

Thumb
Makhtesh Ramon i Israel

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads