Mitzpe Ramon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mitzpe Ramon
Remove ads

Mitzpe Ramon (hebraisk skrift מִצְפֵּה רָמוֹן, tyder Ramonutsikta) er ein by i Negevørkenen i Det sørlege distriktet i Israel. Namnet Ramon kjem frå det arabisk «Ruman» som tyder romarar.[1] Han ligg langs nordkanten av ei høgd på 860 meter over havet, ovanom eit stor dalbotn kalla Ramonkrateret. I 2009 hadde Mitzpe Ramon eit folketal på 4 789.[2]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Mitzpe Ramon vart grunnlagd i 1951 som ein arbeidarleir for arbeidarane som bygde vegen til Eilat. Dei første permanente innbyggjarane var immigrantar frå Nord-Afrika og Romania, som slo seg ned der i 1960-åra, og han vart den sørlegaste utviklingsbyen i Negev.

Geologi og klima

Ramonkrateret, kjend som ein makhtesh, er 38 km langt, 6 km breitt og 450 meter djupt.[3] Mitzpe Ramon har varme, tørre somrar og kalde vintrar. Det er moderat til kraftig vind året rundt på grunn av plasseringa på kraterkatanten, noko som gjer at Mitzpe Ramon kjennes svalare ut enn han er. Det kan kome snø med nokre få års mellomrom.

Meir informasjon Vêrdata for Mitzpe Ramon (1916-2007), Jan ...
Thumb
Panorama of Mitzpe Ramon
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads