Maksim Njedasiekaw
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maksim Jurjevitsj Njedasiekaw (belarusisk: Максім Юр’евіч Недасекаў, fødd 21. januar 1998) er ein belarusisk friidrettsutøvar frå Vitebsk som vann sølvmedaljen i høgdehopp i EM i friidrett 2018. Tidleg i mars 2021 presterte han personbeste og sette belarusisk rekord med 2,37 meter då han sigra i hall-EM i polske Toruń. Tre månader seinare tangerte han rekorden ved eit stemne i Székesfehérvár den 6. juli. Like høgt hoppa han då han sikra seg bronsemedaljen i OL-finalen i Tokyo 1. august 2021.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Maksim Nedasekau» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2022.
- «Maksim Nedasekau» (på engelsk). Olympedia. Henta 13. mars 2023.
Denne idrettsartikkelen som har med Belarus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads