Mally Lammers

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Mally Lammers
Remove ads

Marie Christine «Mally» Lammers (22. juni 18508. juni 1929) var ein norsk songar som opphavleg heitte Mally Sars.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Faren hennar var zoologen og presten Michael Sars (1805–1869). Som ung underviste ho den syngjande systera si Eva Nansen (1858–1907). Sjølv tok ho songtimar i Berlin. I 1881 gifta ho seg med barytonen Thorvald Lammers (1841–1922), som hadde vore læraren hennar.[1] Gjennom 1890-åra framførte dei blant anna ved Cirkus Verdensteater ein rekkje nasjonalistiske konsertar med norsk folkemusikk og slikt, deriblant Edvard Grieg sin nye musikk til Haugtussa, i tillegg til Draumkvedet. Ho mottok i 1898 eit statslegat for innsamling av norske folkemelodiar. Ho var også medstiftar av Norsk Kvinnesaksforening i 1884.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads