Manic Street Preachers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Manic Street Preachers
Remove ads

Manic Street Preachers, òg kjent som the Manics, er eit walisisk rockeband som blei skipa i Blackwood i Caerphilly i 1986. Bandet består av Nicky Wire (bassgitar, tekst) og syskenbarna James Dean Bradfield (vokal, gitar) og Sean Moore (trommer, perkusjon, lydlandskap). Dei er ein viktig del av den walisiske kulturrørsla frå 1990-talet kjend som Cool Cymru.

Kjappe fakta Alias, Aktiv ...

Etter utgjevinga av debutsingelen «Suicide Alley» i 1988, blei Manic Street Preachers ein kvartett då Richey Edwards kom inn som medlåtskrivar og rytmegitarist. Dei tidlege albuma til bandet var i ein pønkaktig stil, men gruppa gjekk etterkvart over til ein meir alternativ rock-aktig stil, medan ho heldt på eit venstreorientert politisk syn i tekstane.[1] Dei tidlege kombinasjonane av androgyne glam-bilde og tekstar om «kultur, framandskap, keisamheit og desperasjon» gav dei lojale tilhengjarar.[2]

Den fyrste singelen til gruppa som gjekk inn på topplistene var «Motown Junk» frå 1991, som blei følgd av debutalbumet, Generation Terrorists, i februar 1992. Dei to neste albuma til bandet var Gold Against the Soul i 1993 og The Holy Bible i 1994,[3] det siste albumet med Edwards, som forsvann i februar 1995 og blei erklært død i 2008.[4] Bandet heldt fram som ein trio og fekk kommersiell suksess med albuma Everything Must Go (1996) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998).

Manics har opptredd på festivalar som Glastonbury, T in the Park, V Festival og Reading, og vunne elleve NME-prisar, åtte Q-prisar og fire BRIT-prisar.[5] Dei blei nominerte til Mercury-prisen i 1996 og 1999, og har hatt ein nominasjon til MTV Europe Music Awards. Bandet har selt meir enn ti millionar album over heile verda.[6] Gruppa har hatt to singlar på fyrsteplassen av den britiske topplista: «If You Tolerate This Your Children Will Be Next» (1998) og «The Masses Against the Classes» (2000), og to album på fyrsteplassen: This Is My Truth Tell Me Yours og The Ultra Vivid Lament (2021).[7] Frå 1991 til 2010 hadde gruppa 33 topp 40-singlar i Storbritannia.[8]

Remove ads

Diskografi

  • Generation Terrorists (1992)
  • Gold Against the Soul (1993)
  • The Holy Bible (1994)
  • Everything Must Go (1996)
  • This Is My Truth Tell Me Yours (1998)
  • Know Your Enemy (2001)
  • Lifeblood (2004)
  • Send Away the Tigers (2007)
  • Journal for Plague Lovers (2009)
  • Postcards from a Young Man (2010)
  • Rewind the Film (2013)
  • Futurology (2014)
  • Resistance Is Futile (2018)
  • The Ultra Vivid Lament (2021)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads