Maniitsoq

From Wikipedia, the free encyclopedia

Maniitsoq
Remove ads

Maniitsoq (dansk Sukkertoppen) er ein by på vestkysten av Grønland. I 2007 hadde byen 2785 innbyggarar. Han er etter ei kommunereform frå 2009 innlemma i Qeqqata kommune.

Kjappe fakta Land, Region ...

Byen vart etablert i 1755 som ein handelskoloni, med namnet Sukkertoppen. Handelskolonien vart bygt der bygda Kangaamiut ligg, men vart i 1782 flytta til der han no er. Arkeologiske funn indikerer at det har budd menneske på staden i over 4000 år.

Maniitsoq har flyplass som ligg rett vest for byen, og ein heliport som ligg i sjølve byen. Byen har rådhus, forsamlingshus, eigen politistasjon, hotell, museum (Maniitsoq Museum), lokalradio, idrettshall og fotballbane.

Det grønlandske namnet betyr «staden med ujamnt terreng». Det danske namnet «Sukkertoppen» har byen fått frå to låge, kjegleforma fjell rett nord for byen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads