Mantaro

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mantaro
Remove ads

Mantaro (quechua Hatunmayo: 'den store elva') er ei elv i det sentrale Peru med utlaup til Ene og er ein del av Amazonasbassenget. Ho er 724 kilometer lang, har eit nedslagsfelt på 15 410 km² og startar i Cordillera Rumi Cruz, 5220 moh.,[1] nordvest for innsjøen Junín. Mantaro kryssar Junín-regionen (provinsane Junín, Yauli, Jauja, Concepción og Huancayo) og renn gjennom Huancavelica-regionen og møter Apurímac kor Ene startar som òg er grensepunktet mellom regionane Ayacucho, Cuzco og Junín. Men delar av Pasco-regionen går òg inn i elvebassenget.

Thumb
Landskap ved Mantaro
Kjappe fakta Land, Kjelde ...

På turen gjennom Mantaro-dalen gjev elva vatn til jordbruk i den vidaste dalen i det sentrale Andes. Dalen gjev ein monaleg jordbruksproduksjon i Peru. I Tayacaja-provinsen i Huancavelica ligg Montaro kraftstasjonar, eit vasskraftverk som gjev årleg 7000 GWh, meir enn 30 % av av all (20 000 GWh) årleg elektrisk energi produsert i vasskraftverk i Peru.[2] Tablachaca-dammen over kraftstasjonane har endra hovedlaupet for Mantaro i årleg 5 månader slik at det blir mykje avkorta. Om det oppgavlege elvefaret blir rekna med i lengda på Mantaro, har ein funne at kjeldene til Mantaro nordvest for Junín-sjøen er dei fjernaste kjeldene til Amazonas-elva.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads