Manuel I av Portugal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Manuel I av Portugal
Remove ads

Manuel I av Portugal (31. mai 146913. desember 1521) var konge av Portugal og Algarve.

Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Manueln var son av infante Ferdinand, hertug av Viseu (1433–70) og kona hans, infanta Beatrice, hertuginne av Viseu.

Konge

Manuel blei konge etter at fetteren og svogeren hans Johan II døydde i 1495 uten mannlege arvinaer, men allereie hadde utnemnd Manuel som etterfylgjar. Namnet hans er knytt til ein periode i portugisisk historie prega av store prestasjonar både innen politiske affærar og i kunstartane, hovudsakleg grunna kva kong Johan II hadde byrja. Til trass for den relative litle storleiken og folketalet til landet samanlikna med andre, større europeiske nasjonar, var Portugal i stand til å bygge eit oversjøisk verdsrike av enorme proporsjonar og med ein global dimensjon under styret til Manuel.

Regjeringstida til Manuel I var også viktig gjennom utgjevinga av ei ny lovbok og nyordning av rettsvesenet og undervisningsvesenet.

På grunn av Manuel sitt samband med nabolandet, Castilla, var regjeringstida hans også prega av forfølging både av den mauriske (muslimske) og den jødiske folkesetnaden. Dei katolske monarkane, Isabella I av Castilla og medregenten hennar Ferdinand II av Aragón, hadde forvist alle jødar i dei to rika sine i 1492. Då Manuel I ønskte å gifta seg med dotter deira, gjekk han med på ein ekteskapskontrakt som kravde at han måtte forfølgja jødane i Portugal. I desember 1496 blei det bestemt at alle jødar i Portugal anten måtte konvertera til kristendommen eller forlate landet utan å ta med seg ungane sine.

I 1506 blei Manuel I tiødelt utmerkinga av Gylne rose av pave Julius II. I 1514 fekk han som den fyrste mottakaren si andre Gylne rose av pave Leo X. Han blei kalla for Manuel o Afortunado, «den lukkelege».

Remove ads

Kjelder

Litteratur

  • Góis, Damião de (1749): «Chronica do serenissimo senhor rei d. Manoel», Na officina de M. Manescal da Costa.
  • Lowenstein, Steven (2001): The Jewish Cultural Tapestry: International Jewish Folk Traditions. Oxford University Press. s. 36.
  • Benveniste, Arthur (1997): «500th Anniversary of the Forced Conversion of the Jews of Portugal» i: Address at Sephardic Temple Tifereth Israel, Los Angeles.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads