Manuel Noriega

From Wikipedia, the free encyclopedia

Manuel Noriega
Remove ads

Manuel Antonio Noriega (11. februar 193429. mai 2017) var ein panamansk general som var diktator i Panama frå 1983 til 1989. Offisielt vart Noriega aldri vald inn som president, men han hadde verv som «chief executive officer» for ein kortare periode i 1989. Noriega var utdanna offiser i den panamanske hæren, og studerte militærfag og etterretning i Lima, ved to militære skular i USA, og ved den amerikanske krigsskulen ved West Point i New York.

Kjappe fakta
Remove ads

Noriega sat i eit føderalt fengsel i Miami, dømd til tretti års fengsel for narkotika-relatert kriminalitet. Dommen vart redusert til 17 års fengsel, grunna god åtferd bak murane. Dommen var ferdigsona 9. september 2007. Frankrike sette fram krav om å få Noriega utlevert, men han motsette seg utlevering til Frankrike av di han meinte at landet ikkje kom til å gje han status som krigsfange. 26. april 2010 vart Noriega likevel utlevert til Frankrike.[1]

I Frankrike sat Noriega fengsla for kvitvasking av pengar. Den 12. desember 2011 vart han utlevert frå Frankrike til Panama der han var sett i fengsel for å sona tre gonger tjue år for drap på politiske motstandarar og opposisjonelle panamanarar medan han sat ved makta på 1980-talet.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads