Marble Point
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marble Point i Antarktis, er eit klipperikt nes på kysten av Victoria Land. USA driv ein stasjon på neset. Utposten vert nytta som drivstoffstasjon for helikopter som vert nytta til operasjonar i det indre av kontinentet, som i McMurdo Dry Valleys. Om vêret er godt nok kan helikoptera fly inn og ut av stasjonen 24 timar i døgnet om sommaren.[1]
Remove ads
Utvikling

Stoppestaden ved Marble Point ligg ved ei smal stripe land mellom Wilson forlandsbre og havet, kring 80 km frå McMurdo-basen. Militære styrkar frå USA bygde leieren på vestsida av McMurdo Sound i 1956 i samband med det komande Det internasjonale geofysiske året 1957-58 (IGY).
Førebuinga for IGY omfattar bygginga av flystripa ved Marble Point. Eit VX-6 Otter-fly vart det første flyet som landa på jord (og ikkje is elelr snø) ved Marble Point i 1957.[2] Eit fly av typen de Havilland Canada DHC-3 Otter kræsja då det skulle ta av frå Marble Point 4. januar 1959 og to menn mista livet. Flyet var ein del av Operasjon Deep Freeze IV.

Marble Point er bemanna om sommaren med ein stasjonssjef, ein kokk og ein person som fyller drivstoff på helikoptera. 14 menneske kan overnatte på stasjonen.
Stasjonen har òg ein automatisert vêrstasjon.
United States Antarctic Program (USAP) utførte opprydding ved stasjonen i 1989-1990 og 1990-1991.[3] Det er kjend at det har vore utslepp av drivstoff i området. Så seint som i 2001 var meir enn 40 år gamle utslepp framleis synlege.[4] I dag vert alt avfall ved stasjonen samla inn og transportert til McMurdo-basen.
Remove ads
Sjå òg
- McMurdo Dry Valleys
- McMurdo Sound
- Operasjon Deep Freeze
- Victoria Land
- Williams Field
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads