Maren Mjelde

norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Maren Mjelde
Remove ads

Maren Nævdal Mjelde (fødd 6. november 1989) er ein norsk fotballspelar frå Espeland i Bergen. Ho er lagkaptein på landslaget og spelar på Chelsea L.F.C..

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...

Ho hadde per 10. mars 2020 spelt 148 landskampar for Noreg og skåra 19 mål. Mjelde spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1. Erik Mjelde er hennar eldre bror.

Remove ads

Aktiv

Mjelde debuterte på Arna-Bjørnar i 2005 og spelte på laget til 2012. Frå 2013 var ho i halvtanna år aktiv i tyske Turbine Potsdam, før ho sommaren 2014 melde overgang til svenske Kopparberg. Der etter var ho Avaldsnes-spelar i sesongane 2015-16. Frå 2017 til -18 har Mjelde kontrakt med engelske Chelsea FC.

Landslagsdebuten fekk Mjelde 27. oktober 2007. Det neste året var ho kaptein på det norske laget som tok seg heilt til finalen i europameisterskapen for juniorar (J-19). Frå mars 2009 var ho tilbake på Noregs landslag og deltok både i Fotball-EM 2009 og VM 2011, oftast plassert på høgrebacken, men òg som midstoppar. Under EM i fotball 2013 i Sverige var Mjelde ein av dei beste norske spelarane i ein meisterskap som enda med finaletap 0-1 mot Tyskland. To år seinare utmerkte ho seg med eit frisparkmål i ein kamp mot Tyskland under Fotball-VM 2015, der Noreg seinare rauk ut allereie i åttedelsfinalane.

Sidan hausten 2015 har Mjelde vore kaptein for Noreg. Dei siste åra har ho på landslaget vekselvis vore midtstoppar og midtbanespelar.

Merittar

  • EM-sølv: 2013
  • EM-semifinalist: 2009
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads