Mari Molid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mari Kristine Søbstad Molid (fødd 8. august 1990) er ein norsk handballspelar frå Trondheim som sidan 2016 spelar på danske Randers HK. I perioden 2010-16 vann ho to VM-gull, eitt EM-gull og OL-bronse med det norske handballandslaget. Molid er ein høgrehendt rykkrom-spelar med «meget gode forsvarskvaliteter».
Molid var i yngre år medlem i Kolstad IL, før ho i tida 2006-12 var aktiv på det norske topplaget Byåsen IL. Deretter spelte ho i to sesongar på Levanger HK (2012-14) og like lenge i Larvik HK (2014-16). Sommaren 2016 flytta ho over til danske Randers.
Molid debuterte på landslaget mot Sverige 22. september 2010, og fekk plass i mannskapet som tok gull i handball-EM 2010 mindre enn tre månader seinare. Eitt år etterpå vart ho også verdsmeister då Noreg vann VM-finalen 2011 i Sao Paulo med åtte mål over Frankrike. Ho var korkje med i Sommar-OL 2012 eller handball-EM same året, men deltok handball-VM 2013. Etter å ha vore utelaten frå EM-troppa 2014, kom ho tilbake og vart verdsmeister for andre gong i 2015. Under Sommar-OL 2016 spelte ho på det norske bronselaget.
Remove ads
- EM 2010: Gullmedalje etter 25-20 mot Sverige
- VM 2011: Gullmedalje etter 32-24 mot Frankrike
- VM 2013: Nr 5 med Noreg
- VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 over Nederland
- Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 over Nederland
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mari Molid» frå Wikipedia på bokmål, den 8. desember 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads