Maria Anna Mozart

austerriksk pianist From Wikipedia, the free encyclopedia

Maria Anna Mozart
Remove ads

Maria Anna Mozart (30. juli 175129. oktober 1829), seinare baronesse Berchtold von Sonnenburg, kjend som «Nannerl» blant vener, var den eldre systera til Wolfgang Amadeus Mozart. Ho var dotter av komponisten Leopold Mozart og Anna Maria Pertl, og var sjølv pianist og skal også ha komponert.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Thumb
Maria Anna Mozart, ca. 1785

«Nannerl» var ein gåverik pianist, og drog som ung på konsertturnear i mange land i Europa saman med Wolfgang.[1] Allereie som elleveåring spelte ho vanskelege sonatar og konsertar for klaver — betre enn bror sin — og fekk heider og gåver frå høgtståande personar. Det er ikkje att komposisjonar etter henne, men det finst brev der Wolfgang lovprisar arbeida hennar og oppfordrar henne til vidare innsats. Ho kom likevel i skuggen av bror sin, og levde seinare i livet som kone og mor, og gav undervising i piano.

Etter at far hennar nekta henne å gifta seg med kammerherre Franz Armand d'Ippold, gjekk ho i 1784 inn i eit fornuftsekteskap med den 15 år eldre Johann Baptist Reichsfreiherr Berchtold von Sonnenburg (1736–1801). Dei levde i St. Gilgen i same huset som mor hennar var blitt fødd i. Ektemannen hadde fem barn frå to tidlegare ekteskap, og sjølv fekk ho tre barn med han. Etter at ektemannen døydde i 1801 drog Nannerl tilbake til Salzburg, der ho var ein høgt respektert pianolærar.

Ho blei blind i ein alder av 74 år. Etter at ho døydde i 1829 blei ho etter eige ønske gravlagd på den kommunale gravplassen St. Peter i Salzburg.

Dagbøker, brev og erindringar etter Nannerl var og er verdifulle kjelder for Mozart-forskarar.

Remove ads

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads