Mariakyrkja på Gran
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mariakyrkja er den miste av dei to systerkyrkjene på Granavollen i Gran kommune i Innlandet fylke. Det er ei langkyrkje av stein. Alderen er ikkje fastslått sikkert, men ein reknar vanlegvis med at ho vart oppført på fyrste halvdel av 1100-talet. Mariakyrkja har truleg vore klosterkyrkje eller soknekyrkje. Etter reformasjonen vart ho truleg relativt lite brukt.
Kyrkja brann etter eit lynnedslag i 1813 og stod som ruin til 1860-talet, då ho vart sett i stand for å vere interimskyrkje medan Nikolaikyrkja vart restaurert. Sidan vart Mariakyrkja restaurert i 1912–13 og igjen i 1990–92.
Diktaren Aasmund Olavson Vinje er gravlagd like vest for kyrkja.
Remove ads
Litteratur
- Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 66-71. ISBN 82-91399-09-3.
- Bugge, Anders (1932). «Søsterkirkene på Gran». Hadeland: Bygdenes historie I. Oslo: Nationaltrykkeriet. s. 181-206.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 581. ISBN 82-7527-022-7.
- Sven Rosborn, 2014, Søsterkirkene og Steinhuset på Granavollen : Studier i eldre norsk steinbyggerkunst. [Gran 2014]: Stiftelsen Steinhuset på Gran. ISBN 978-82-999607-0-0
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- «Mariakyrkja på Gran». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Gran/Tingelstad kyrkjelyd
- Mariakyrkja på Gran i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads