Marian Anderson

afro-amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Marian Anderson
Remove ads

Marian Anderson (27. februar 18978. april 1993) var ein amerikansk altsongar. Ho framførte eit breitt spekter av musikk, frå opera til spirituals. Anderson opptredde med kjente orkester på store konsert- og konsertlokale i heile USA og Europa mellom 1925 og 1965.

Kjappe fakta

Som ein afroamerikansk framifrå klassisk songar blei Anderson ein viktig figur innan kampen mot raseskilje i USA på midten av 1900-talet. I 1939 blei ho nekta av gruppa Daughters of the American Revolution (DAR) å opptre for eit blanda publikum i Constitution Hall i Washington, D.C.[1][2] Fyrstedama Eleanor Roosevelt og tusentals andre meldte seg ut av organisasjonen som følgje.[3] Med støtte frå Roosevelt og mannen hennar, president Franklin D. Roosevelt, heldt Anderson ein kritikarrost utandørskonsert på påskedagen, 9. april 1939, på trappene til Lincoln-minnesmerket i staden.[4] Ho opptredde framfor eit blanda publikum på over 75 000, og eit radiopublikum i milliontal.[5] 7. januar 1955 blei Anderson den fyrste afroamerikanaren til å opptre ved Metropolitan Opera i New York.[6]

I tillegg til songarkarrieren var Anderson delegat ved SN sin menneskerettskomite. Ho var goodwill-ambassadør for utanriksdepartementet i USA, og heldt gjennom dette konsertar over heile verda. På 1960-talet tok ho del i borgarrettrørsla, og song under March on Washington for Jobs and Freedom i 1963.

Anderson har fått ei rekkje prisar og utmerkingar. I 1963 blei ho tildelt den fyrste Presidentens fridomsmedalje av president John F. Kennedy I 1973 blei ho teken med i Kvinnene sitt æresgalleri i USA. Ho har også ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Remove ads

Musikkdøme

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads