Marie Duplessis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Marie Duplessis
Remove ads

Marie Duplessis (15. januar 18243. februar 1847)[1] var ei fransk kurtisane og elskarinna til fleire prominente og velståande menn.[2] Ho var inspirasjonen til hovudpersonen i boka Kameliadamen av Alexandre Dumas, som var ein av elskarane hennar. Mykje av det som er kjent om ho er henta frå den litterære skildringa og samtidige legender.[3]

Kjappe fakta
Remove ads

Oppvekst

Marie Duplessis var fødd som Alphonsine Rose Plessis i Nonant-le-Pin i Normandie i Frankrike. Far hennar blei i røynda halliken hennar då ho var rundt 12 år gammal. I ein alder av 15 år flytta ho til Paris der ho fann arbeid i ein klesbutikk.[4] Som ein kan sjå i kunstverk av henne var Marie Duplessis tydelegvis ei svært attraktiv ung kvinne,[5] med ein liten og nett figur og eit sjarmerande smil. Innan ho var 16 var ho blitt klar over at framståande menn var villige til å gje henne pengar i byte for selskapet hennar, både i private og sosiale samanhengar. Ho blei kurtisane og lærte å lesa, skriva og å halda seg à jour med hendingane i verda, slik som å kunna snakka om desse temaa med klientane sine og ved sosiale samkome.[6] Ho la også ein falsk adeleg «Du» til etternamnet sitt.[7]

Remove ads

Livet som kurtisane

Thumb
Duplessis måla av Camille Roqueplan

Duplessis var både populær som kurtisane og som vertinne i ein salong, der politikarar, forfattarar og kunstnarar samla seg for stimulerede samtale og sosialt samvær. Ho reid i Bois de Boulogne og gjekk i operaen. Ho fekk òg portrettet sitt måla av Édouard Viénot.

Duplessis var elskarinna til Alexandre Dumas mellom september 1844 og august 1845.[1] Etterpå går ein ut frå at ho var elskarinna til komponisten Franz Liszt[8], som skal ha villa bu saman med henne. Gjennom det korte livet hennar blei ho kjend som ei diskret, intelligent og vittig kvinne. Ho heldt fram å ha eit godt tilhøve til mange av velgjerarane sine, sjølv etter at forholdet mellom dei var forbi.[9]

Marie Duplessis døydde av tuberkulose 23 år gammal den 5. februar 1847.[1] To av dei tidlegare elskarane hennar, svenske grev von Stakelberg og franske grev Édouard de Perregaux, som ho hadde gifta seg med ei kort tid før,[2] var ved sida hennar. Eit par veker etter at ho døydde blei eigedelane hennar auksjonerte vekk for å betala gjelda hennar.[6] Likevel skal gravferda hennar på Montmartrekyrkjegarden ha vore overdådig, og hundrevis av menneske var til stades.[10]

Den romantiske romanen til Dumas, Kameliadamen, blei gjeven ut innan eit år var gått. I boka var Dumas framstilt som Armand Duval og Duplessis som Marguerite Gautier. Dumas gjorde òg historie om til eit skodespel, noko som inspirerte til Verdi sin opera til La Traviata og fleire filmar.[1][2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads