Girl in Red
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marie Ulven Ringheim, kjend under artistnamnet Girl in Red, (fødd 16. februar 1999) er ein norsk vokalist, gitarist og låtskrivar frå Horten i Vestfold.
Remove ads
Karriere
Ulven byrja i 2015 å spela inn sin eigen musikk frå soverommet sitt heime i Horten, og slo i 2018 gjennom med låten «I Wanna Be Your Girlfriend». Ulven vart kåra til «Årets Urørt» hausten 2019 og var nominert til P3 Gull 2019 i klassa for årets nykommer frå NRK Urørt og Spellemannprisen 2019 i klassene for årets gjennombrot og Gramostipend.[1][2][3] Under P3 Gull 2020 vann ho klassa for årets artist.[4]
Sidan 2015 har Ulven spelt på Slottsfjellfestivalen, Øyafestivalen og vore på turné i USA. Ho var òg på The New York Times si liste over den beste musikken utgjeven i 2018. I 2019 vart ho òg profilert av The New York Times.[5] Ulven vann Spellemannprisen 2020 i klassa årets internasjonale suksess og var i tillegg nominert i klassa årets musikkvideo for «Rue» regissert av Niels Windfeldt.[6][7]
Ulven gav ut sitt fyrste studioalbum, If I Could Maka It Go Quiet, den 30. april 2021. Albumet vart godt motteke av kritikarane, og debuterte på andreplass på den norske albumlista, og på sjuandeplass på den britiske albumlista.[8] For albumet vart ho nominert til Nordic Music Prize i 2021.[9]

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
