Horten kommune

kommune i Vestfold fylke From Wikipedia, the free encyclopedia

Horten kommune
Remove ads

Horten er ein bykommune i Vestfold som ligg mellom Holmestrand i nord, og Tønsberg i sør.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Geografi

Kommunen har rundt 40 km kystline mot Oslofjorden, med kyststi og fleire store friområde. Han inkluderer tettstadane Horten, Borre, Nykirke, Åsgårdstrand og Skoppum.

Kommunane Borre og Åsgårdstrand blei slått saman i 1965. Borre og Horten kommunar blei slått saman i 1988. Fram til 1. juni 2002 heitte kommunen Borre.

Historie

Det er funne spor i kommunen etter busetjingar heilt tilbake til steinalderen. Borrehaugane ber vitne om at kommunen var eit maktsenter i vikingtida.

Frå 1582 var Horten ferjestad mellom Horten og Moss.

Byvåpenet til Horten var det fyrste byvåpenet kong Håkon VII godkjente. Det skjedde i 1907.

Kultur

Utdanning

Universitetet i Søraust-Noreg sin Campus Vestfold, tidlegare Høgskolen i Vestfold ligg på Bakkenteigen, midtvegs mellom Åsgårdstrand og Horten by. Utdanningstaden har eit tett samarbeid med fleire av elektronikkbedriftene i kommunen, og med Befalsskulen for Sjøforsvaret som ligg i Horten by.

Kyrkjer

Det finst fleire kyrkjer i kommunen, mellom anna Løvøykapellet frå mellomalderen og Horten kyrkje.

Idrett

Fotballklubbane Ørn-Horten og Falk kjem frå Horten.

Kjende hortensarar

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads