Marija Rjemjen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marija Vitalijivna Rjemjen (fødd 2. august 1987) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar som i 2012 vart europameister på 200 meter.
Remove ads
Aktiv
Rjemjen vart i 2010 ukrainsk meister på 200 meter. Under EM i friidrett 2010 i Barcelona kom hop på femteplass på 100-metere, før ho så vann gull i 4 x 100 meter stafett saman med Olesja Povkh, Natalija Pohrebnjak og Jelizaveta Bryzjina. Rjemjen var også med på det ukrainske laget som la beslag på bronseplassen i den korte stafetten under VM i friidrett 2011 i Daegu.
Rjemjen tok gullmedaljen på 200 meter ved EM i friidrett 2012 i Helsinki. Ein dryg månad seinare sprang ho den tredje etappen då Ukraina tok bronse i 4 x 100 meter stafett under Sommar-OL 2012 i London. Tidlegare i leikane presterte ho livsbeste 22,58 sekund i forsøket på 200 m, før ho rauk ut i semifinalen. Vinteren 2013 sette ho personleg rekord med 7,10 sekund då ho sigra på 60 meter i hall-EM. Etter dopingdom kom ho tilbake på friidrettsbana i 2016, utan å vere i nærleiken av sitt tidlegare nivå.
Doping
Vinteren 2014 vart Rjemjen teken for bruk av methandrostenolon, og stengt ute frå idrett frå 10. januar 2014 til 2. mars 2016.
Remove ads
Kjelder
- Mariya RYEMYEN | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Marija Rjemjen» frå Wikipedia på tysk, den 3. september 2023.
- «Mariya Riemien» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 22. april 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads