Marit Røsberg Jacobsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Marit Røsberg Jacobsen
Remove ads

Marit Røsberg Jacobsen (fødd 25. februar 1994) er ein norsk handballspelar frå Narvik som vart europameister 2020, verdsmeister 2021 og olympisk meister 2024 med Noregs kvinnelandslag. Ho er høgre kantspelar, sidan sommaren 2018 aktiv i Esbjerg frå Danmark. Åra 2016-24 deltok Jacobsen i 113 landskampar og skåra 196 mål.

Kjappe fakta
Remove ads

Klubbspel

Jacobsen flytta til Trondheim, og spelte ein sesong på Charlottenlund SK. Deretter var ho Selbu-spelar i tre år, før ho i tida 2014-18 var aktiv i Byåsen Idrettslag.

Landslagsspel

Jacobsen debuterte 1. juni 2016 i ein bortekamp mot Belarus. Åra 2017-21 var ho med på Noregs lag i alle meisterskapsturneringane. Ho fekk med seg ein sølvmedalje i VM 2017 og vann gull i EM 2020. Året 2021 vann ho OL-bronse og VM-gull. Korkje til EM 2022 eller VM 2023 fekk ho plass i Noregs tropp. Derimot deltok ho Sommar-OL 2024 i Paris, der det vart ein suveren siger over arrangørlandet i finalen.

Remove ads

Merittar landslag

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads