Marit Tusvik

norsk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Marit Tusvik
Remove ads

Marit Tusvik (fødd 13. mars 1951) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar frå Høyanger i Sogn i Sogn og Fjordane som debuterte i 1979. Ho skriv romanar, dikt, skodespel, bøker for barn og unge, biletbøker, manus til film og er omsetjar i ulike sjangrar. Ho har illustrert nokre av bøkene sine sjølv. Marit Tusvik har motteke fleire litterære utmerkingar, skodespela har blitt framført ved ulike teater og eit par av dei er filma for fjernsyn. Marit Tusvik skriv på nynorsk og på bokmål. Tekstane hennar er omsette til fleire språk.

Kjappe fakta
Remove ads

Virke

Tusvik debuterte med dikt- og prosasamlinga Reisa til mandarinlandet i 1979. Mugg er tittelen på dramadebuten hennar, og den fekk ho Ibsenprisen for i 1991. Ishuset, roman utgitt i 1991, vart skriven om til skodespel og urframført av Sogn og Fjordane teater i 2010.

Store Norske Leksikon skriv: «Hennes første roman, Ishuset (1991), dramatisert (2009), viser hennes evne til å kombinere følsom menneskeskildring med nøktern humor, og i romanen Bell (1995) tegner hun et poetisk bilde av avvisning og avhengighet gjennom to kvinners beretninger om det tette forholdet de hadde som unge. Nord (1999) er en bredt anlagt roman, der norsk vestland og arabisk miljø blir vevd inn i hverandre. Sigrid Finne (2007) er et kjærlig portrett av Tusviks mor. Romanen Deilig er jorden (2009) er en barndomsskildring fra et lite sted på Vestlandet.»[1]

«Fabulerende 'altmuligkvinne…'»,[2] skreiv litteraturforskar Øystein Rottem om forfattarskapen til Marit Tusvik til og med 1995.

Remove ads

Bibliografi

Bøker

I bøker - eit utval

Remove ads

Prisar og utmerkingar

Referansar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads