Marius Petipa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marius Petipa (fødd 11. mars 1819 i Marseille, daud 14. juli 1910 i Russland) var ein fransk ballettdansar og koreograf som verka mange år i Russland. Petipa er rekna som den mest innverknadsrike ballettmeisteren og koreografen i balletthistoria.[1]

Remove ads
Liv
Petipa er kjend for den lange karrieren sin som ballettmeister ved den keisarlege balletten i St. Petersburg, ein posisjon han hadde frå 1871 fram til 1903. Han skapte over femti ballettar, der ein del har overlevd i ulike versjonar, anten i original eller rekonstruerte frå den opphavlege forma si.
Petipa var framgangsrik både som leiar og lærar og koreograferte mellom anna Svanesjøen i 1895, Tornerose 1890 og Nøtteknekkaren i 1892.
Petipa gjenoppliva ei stor mengd verk som var blitt skapt av andre ballettmeistrar. Fleire av desse omarbeidingane skulle gå vidare til å blir utgåvene som alle etterfølgjande produksjonar la til grunn. Dei best kjende av desse er Le Corsaire, Giselle, La Esmeralda, Coppélia, La Fille Mal Gardée (med Lev Ivanov) og Svanesjøen (med Lev Ivanov).[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads