Marrakesh Express

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Marrakesh Express» er ein song spelt inn av Crosby, Stills & Nash, som dei gav ut på Crosby, Stills & Nash i 1969. Graham Nash, tidlegare medlem i The Hollies, skreiv songen og hadde opphavleg tenkt å spele inn songen med det gamle bandet sitt. The Hollies gjorde eit forsøk på det, men det vart aldri noko meir av det.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Crosby, Stills & Nash-kronologi ...

Songen vart òg gjeven ut som den første singelen til CSN i 1969. Songen nådde 28. plass i USA og 17. plass i Storbritannia.

Marrakesh er ein by i Marokko som er kjend for lêrvarer. Marrakesh Express er eit tog Nash tok ein gong på ei reise dit frå Casablanca i 1966. Teksten er fylt med syn, lydar og stemningar han møtte på turen. I eit intervju med Rolling Stone fortalte Nash at han reiste på første klasse, men at det var så keisamt at han gjekk for å sitje med bermen og «endene, grisane og hønene».

Remove ads

Medverkande

Kjelder


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads