Martin Andresen

norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Martin Andresen
Remove ads

Martin Andresen (fødd 2. februar 1977) er ein norsk fotballspelar som spelar på den sentrale midtbanen til Vålerenga der han også er manager. Han har i tillegg vore kaptein på det norske landslaget.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fødd ...

Andresen starta fotballkarrieren sin på 2. divisjonslaget Ski, etter dette nokre korte periodar i Moss og Viking, før han kom til Stabæk i 1997. Andresen vart raskt ein nøkkelspelar på Nadderud, og danna saman med Tommy Svindal Larsen det mange rekna som den beste midtbaneoppstillinga i Tippeligaen. Andresen vart cupmester i 1998 då Stabæk noko overraskande slo Rosenborg i finalen.

Hausten 1999 vart Andresen kjøpt av den engelske klubben Wimbledon, der Egil «Drillo» Olsen var manager. Opphaldet i Wimbledon vart likevel lite vellykka, og etter berre éin sesong vart han leigd ut til Molde. Også i Molde sleit Andresen med å etablere seg fast på laget, og han vende derfor seinare attende til Stabæk.

Andresen hadde den beste sesongen sin i 2003, då han vart rekna som den viktigaste bidragsytaren til at Stabæk tok bronsemedalje i serien. Han vart kåra til årets spelar, både av spelarkollegaene og dei fleste avisene. Han etablerte seg også på landslaget dette året, og returnerte til England der han i ein periode var på utlån til Blackburn, før han nok ein gong returnerte til Stabæk. Etter at Stabæk rykte ned til 1. divisjon i 2004, vart Andresen kjøpt av Brann 23. desember 2004. Same år vart han også utnemnd til landslagskaptein av Åge Hareide.

I 2005 etablerte Andresen seg straks som sjef på den sentrale midtbanen hos Brann, men mista mange kampar på grunn av skadeproblem. Andresen gjekk til Vålerenga som spelande managar etter sesongen 2007.

Andresen er med sin eigardel på 22,5 prosent ein av dei største eigarane av møbel- og eigendomskonsernet Skeidar.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Martin Andresen
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads