Viking Fotballklubb

From Wikipedia, the free encyclopedia

Viking Fotballklubb
Remove ads

Viking Fotballklubb er ein norsk fotballklubb frå Stavanger i Rogaland. Klubben har både herrelag og damelag.[1][2]

Kjappe fakta Fullt namn, Kallenamn ...

Herrelaget spelar i Eliteserien, medan damelaget spelar i 1. divisjon frå og med 2025-sesongen. I tillegg har Viking breiddeverksemd og lag på fleire nivå i seriesystemet.

Klubben vart grunnlagd den 10. august 1899 og er den største og leiande fotballklubben i Rogaland. Viking vert rekna som eitt av dei mest meritterte laga i norsk fotball gjennom tidene, med åtte seriemeisterskap og seks cupmeisterskap.

Viking spelar heimekampane sine på Lyse Arena i Jåttåvågen (tidlegare kjent som Viking stadion). Stadion vart opna den 1. mai 2004. Før det nye stadionet opna, var Stavanger stadionEiganes heimebana. Draktene til laget består tradisjonelt av mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.

Remove ads

Viking kvinner

Utdjupande artikkel for dette emnet er Viking Fotballklubb Kvinner.

Viking sitt damelag spelar i 2025-sesongen i 1. divisjon fotball for kvinner. Laget spelar heimekampane sine på Lyse Arena i Jåttåvågen, som vart opna i 2004.

Draktene til Viking Kvinner er dei same som for herrelaget: mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.

Viking menn

Med andreplassen sin på maratontabellen[når?] er herrelaget til Viking eitt av dei mest suksessrike fotballaga i Noreg gjennom historia. Laget har spela i toppdivisjonen sidan denne vart etablert, med unntak av sesongane 1966–67, 1987–88 og 2018.

Viking har til saman vunne åtte seriemeisterskap og seks noregmeisterskap. Herrelaget spelar heimekampane sine på Lyse Arena. Tilskodarrekorden på stadion for seriekamp er 16 600 mot Brann 24. juni 2007. Kapasiteten er 15 900 tilskodarar.

Eliteserien 2025

Utdjupande artikkel for dette emnet er Viking Fotballklubb (menn) i 2025.

Mal:Eliteserien 2025 tabell

Remove ads

Spelarstall (herrar)

Oppdatert 15. juli 2025 [3]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Meir informasjon Nr., Posisjon ...

Utlånte spelarar

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Meir informasjon Nr., Posisjon ...

Historie

Idrettslaget Viking vart grunnlagd i Stavanger 10. august 1899. Den første fotballen som Viking kjøpte, vart levert frå Hall & Hamlin i Hull i England i september 1899.[4] På 1950-talet hadde klubben grupper for herrefotball, friidrett, boksing, bryting, handball og orientering. I 1986 vart idrettslaget delt opp i Viking Fotballklubb, Viking Ishockeyklubb og Viking Håndball.

Viking FK er ein av dei mest suksessrike klubbane i norsk fotballhistorie. Herrelaget har andreplass på maratontabellen frå 1949 til 2018.[5] Viking har spela i toppdivisjonen med berre tre korte unntak (1966–67, 1987–88 og 2018). Klubben har til saman vunne åtte seriemeisterskap (1958, 1972, 1973, 1974, 1975, 1979, 1982, 1991) og seks noregmeisterskap (1953, 1959, 1979, 1989, 2001 og 2019).

Remove ads

Lyse Arena

Utdjupande artikkel for dette emnet er Viking stadion.

Lyse Arena (tidlegare Viking stadion) er heimearenaen til Viking. Frå 1917 spelte Viking heimekampane sine på Stavanger stadion, men på 2000-talet kom det konkrete planar om å flytta og byggja eit nytt fotballstadion. 1. mai 2004 vart Viking stadion opna då Viking spelte 1–1 i seriekampen mot Molde framfor 15 300 tilskodarar. Tilskodarsnittet den sesongen vart 12 439, det høgaste snittet i Vikings historie. Den noverande rekorden er frå 2007, med 15 936 i snitt.[6]

Stadion ligg ved Jåttåvågen i Hinna bydel. Anlegget har berre sitjeplassar, varmelampar i taket og moderne fasilitetar. Lyse Arena har òg VIP-område med plass til om lag 1 040 VIP-gjester, og den totale tilskodarkapasiteten er 15 900. Arenaen vert òg nytta til større konsertar.

Remove ads

Merittar (herrar)

Flest mål for Viking (herrar)

Meir informasjon Spelar, Mål ...

Flest kampar for Viking (herrar)

Thumb
Erik Johannessen står med 501 kampar for Viking mellom 1971 og 1983.
Meir informasjon #, Spelar ...
Remove ads

Kjende spelarar

Thumb
Brede Hangeland vart cupmeister med Viking i 2001.
Reidar KvammenIsak Arne Refvik
Edgar FalchBjarne Berntsen
Sverre AndersenSvein Fjælberg
Olav NilsenErik Thorstvedt
Reidar GoaGunnar Aase
Sigbjørn SlinningThomas Myhre
Svein KviaErik Nevland
Erik JohannessenBrede Hangeland
Trygve JohannessenRune Jarstein

André Danielsen er den Vikingspelaren med flest kampar, med 553 før han la opp i 2019.[7]

Supporterklubb

Vikinghordene er Viking sin offisielle supporterklubb. Viking Oslo er supportergruppa i Oslo, medan Viking Hamar er supportergruppa på Hamar.[8][9]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads