Martin Engeset

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Martin Engeset
Remove ads

Martin Engeset (fødd 20. juli 1964) er ein norsk Høgre-politikar frå Oslo. Han var innvald på Stortinget frå Østfold 2001–2009, og var 2. vararepresentant 1985–1989, og dessutan 1. vararepresentant 1993–1997.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Remove ads

Karriere

Engeset har bakgrunn frå siviløkonomistudiar ved Bedriftsøkonomisk Institutt, men leverte aldri diplomoppgåva, og arbeidde som revisjonsmedarbeider 1988–1995. Frå 1995 til 2001 hadde han eit deltidsengasjement som sekretariatsleiar for Noregs Råvaregjenvinningsforening (NR).

På Østfold Høgres årsmøte 22. november 2008 vart det klårt at Engeset tapte kampen mot Ingjerd Schou, sosialminister i Kjell Magne Bondeviks andre regjering, med 28 mot 29 stemmar. Engeset gjorde det då klårt at han ikkje ynskte å stilla på andreplassen, og annonserte samstundes at han med dette trekte seg frå rikspolitikken etter valet i 2009. Han vart vald som leiar av kontrollutvalet i Sarpsborg kommune i 2007.

Remove ads

Stortingskomitear

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads