Marwar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Marwar er ein region som ligg sørvest og sentralt i delstaten Rajasthan i India. Namnet blir også som brukt som eit anna namn for fyrstestaten Jodhpur.[1] Store delar av området ligg i Tharørkenen. Ordet maru er sanskrit for ørken, medan wad er eit ord for eit særskild område på rajasthani. Namnet «Marwar» kan dermed omsetjast til 'ørkentraktene'.[2] Ein må ikkje forveksla staden med Mewar (Udaipur), som ligg søraust i Rajasthan.


Regionen grensar til Jangladesh i nord, Dhundhar i nordaust, Ajmer i aust, Mewar i søraust, Godwar i sør, Sindh i sørvest og Jaisalmer-regionn i vest. Han omfattar dei noverande distrikta Barmer, Jalore, Jodhpur, Nagaur, Pali og delar av Sikar. Jodhpur er sentrum i regionen. Byen blei anlagt i 1459, og var hovudstad i Marwar-staten fram til 1949.[3] Andre byar som har vore rekna til regionen er Ajmer, Bikaner, Jaisalmer, Umarkot og Jainagar.[4]
Geografisk er Marwar stort sett danna av eit sandslettelandskap som ligg nordvest for Aravallifjella. Fjella stopper mykje av fukta frå sørvestmonsunen, som står for mykje av nedbøren i India. Den årlege nedbørsmengda i området er derfor lågt, frå 10 cm til 40 cm. Temperaturar varierer frå 48-50 °C om sommaren til under null om vinteren. Området like ved fjella er prega av eit tornekrattområde, medan resten av Marwar er del av Tharørkenen.
Luni-elva renn gjennom Marwar-slettene frå Pushkar-sjøen i Ajmer distrikt i sørvestleg retning før ho forsvinn i Rann of Kutch i Gujarat. Ho får tilførsle frå bielvar som renn frå Aravallifjella. Vatn frå elva og brunnar nær henne blir brukt til å vatna kveite- og byggavlingar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads