Mary Decker
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mary Teresa Decker (fødd 4. august 1958) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister både på 1500 meter og 3 000 meter under friidretts-VM 1983 i Helsinki.
Remove ads
Aktiv
Gjennom 1982-sesongen sette Decker seks verdsrekordar på ulike løpsdistansar, frå ei engelsk mil opp til 10 000 meter. I juli 1983, under eit stemne i Stockholm, sette ho USA-rekord på 1500 meter med tida 3.57,1, ein rekord som stod i 32 år. Ved den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki i august 1983, vann Decker gullmedaljen på 3 000 meter, etter å ha slått vesttyske Brigitte Kraus og sovjetiske Tatjana Kazankina, dei to andre medaljevinnarane, med eit halvt sekund. Fire dagar seinare tok Decker VM-gull nummer to, då ho heilt på slutten av oppløpssida på 1500-meteren passerte leiande Samira Zajtseva, som stivna og fall over målstreken.
Decker mislukkast under Sommar-OL 1984 på USA-amerikansk heimebane. Året etter sette ho personlege rekordar på 800 meter med 1.56,90, oppnådd i Bern, og i Roma på 3000 meter med tida 8.25,8.
Doping
I 1996 vart Decker i ein test avslørt med for høgt nivå av testosteron og der etter utestengd i to år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mary Decker» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads