Masafi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Masafi
Remove ads

Masafi er ein landsby langs foten av Hajarfjella i Dei sameinte arabiske emirata. Fram til nyare tid, før Sharja/Kalba-vegen og vegen mellom Dibba og vegen 311 vart bygd, var vegen gjennom Masafi den einaste vegen frå det indre av landet til austkysten av Emirata. Vegen frå innlandsbyen Dhaid deler seg ved Masafi og fører til Dibba i nord og Fujeirah i sør.

Kjappe fakta Land, Emirat ...

Det er gjort fleire utgravingar med funn attende til bronsealderen i Masafi,[1] mellom anna eit nyleg restaurert stein- og adobefort, som er mindre men i same stil som det nærliggande fortet i Al Bithnah. Nær fortet ligg eit flott døme på ein falaj, ein underjordisk vassveg som vart bygd for å føre vatn frå fjella til oasebyane i det indre av landet.[2]

Det låg ei ujamn flystripe ved Masafi som vart nytta av omanske speidarar under Traktattida.[3]

Thumb
Falaj (menneskeskapt vatningsanlegg) ved Masafi Fort
Remove ads

Klima

Meir informasjon Vêrdata for Masafi i Dei sameinte arabiske emirata, Jan ...
Remove ads

Vasstapping

Masafi er ei produsent av vatn på flaske, juice og andre varer. Det ligg ein vasstappingsfabrikk nord i byen, i Ras Al Khaimah. Her vert det produsert opp mot 90 000 flasker i timen, og er det einaste nasjonale mineralvatnet i Emirata.[4]

Thumb
Fredagsmarknaden i Masafi - i røynda open heile veka.

Fredagsmarknaden i Masafi

Kring fem kilometer vest for Masafi (ved Dhaidvegen), ligg Fredagsmarknaden i Masafi (Souk Al Juma'a) som i røynda er open alle dagar i veka og har blitt eit populært turistmål, med mange bodar som sel leiketøy, suvenirar, planter, teppe, keramikk og frukt og grønsaker.[5] Ein stor del av marknaden vart øydelagd i ein brann den 30. mai 2015.[6]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads