Maskanah

From Wikipedia, the free encyclopedia

Maskanah
Remove ads

Maskanah (arabisk مسكنة; òg skrive Meskene) er ein by nord i Syria i Manbij-distriktet i Aleppo guvernement. Byen ligg 100 km søraust for Aleppo ved Assadsjøen og Eufrat. Av stader i nærleiken finn ein Dayr Hafir, Humaymah Kabirah og Tell Ayoub i nordvest og al-Thawra i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Maskanah eit folketal på 15 477 i 2004.[1]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Bronsealderbyen Emar ligg nokre få kilometer nord for dagens by. Maskenah vart først nemnt av Stefanos av Byzantium i samband med felttoget til Septimius Severus mot Partia.[2]

Etter den muslimske erobringa av Syria kom byen i skuggen av den nærliggande Balis. Regionen var underlagt herskarane i Aleppo fram til 1100-talet då atabegane i Mosul fekk meir kontroll. Området vart øydelagd under mongolinvasjonane på 1200- og 1300-talet.[2] I 1210, under Ajjubide-dynastiet , vart al-Adil-minareten bygd. Mursteinsstårnet vart bygd i ein enkel, persisk arkitekturstil. Det vart bygd opp att under Hafez al-Assad sitt styre (1970-2000) og er eit av dei siste historiske byggverka att i byen.[3]

Under osmansk tid var området hovudsadkleg busett av nomadiske folk.[2] I 1838 vart Maskanah klassifisert som ein ruinlandsby («khirba») av den bibelske forskaren Eli Smith.[4] Jordbrukslandskapet i Aleppo vilajet, inkludert Maskanah, vart konfiskert i 1876 av sultan Abdulhamid II som hans eige personlege eigedom. Landområdet vart seinare gjeve til staten som offentleg eigedom. I 1915 vart byen vitja av orientalisten Alois Musil og han nemner ei brakke, ein stor khan og ein telegrafteneste.[2]

Under det franske mandatet, var byen senter for ein qadaa og tente som eit senter for mjølkeproduksjon og kveghandel. I 1945 hadde landsbyen 430 innbyggjarar.[2]

Remove ads

Geografi

Byen ligg på venstrebreidda av Eufrat i eit område der elva svingar austover på grunn av eit platå i nærleiken. Avstanden mellom byen og elva har variert med tida på grunn av endringar i elveleiet.[2] Maskanah ligg på grensa mellom Den syriske ørkenen i sør og den frodige Manbijsletta i nord.[2]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads