Massimo Stano

From Wikipedia, the free encyclopedia

Massimo Stano
Remove ads

Massimo Stano (fødd 27. februar 1992) er ein italiensk kappgjengar frå Palo del Colle. Han vart olympisk meister på 20 kilometer i Tokyo i 2021 og verdsmeister på 35 km i Eugene i 2022.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Stano deltok i EM 2014 og VM 2015 utan å utmerke seg. I EM i friidrett 2018 vart han fjerdemann på 20 km. Etter å ha vorte nummer 14 i VM 2019, gjekk han i 2021 heilt til topps på 20 km under dei olympiske leikane i Tokyo. Året etter vann han gullmedaljen på 35 km ved VM i friidrett 2022, og han vart nummer 8 på 20 km i europameisterskapen i München. Sommaren 2023 gjekk han inn til sjuandeplass på 35 km i Budapest-VM.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads