Mast

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mast
Remove ads

Mast (frå lågtysk mast, 'stong')[1] er ei vertikal stong, opphavleg mynta på å bera seglfartøy.[2] Ei mast blir nytta til å halde opp segl, leidningar, antenner, kablar eller andre ting som blir montert oppe i masta. I motsetnad til ein stolpe er masta så høg at ho må bardunerast eller ha så stor flate ved sokkelen at ho ikkje vil blåse ned i sterk vind eller ho må tåle stor last. I slike tilfeller snakkar ein om t.d. ei høgspentmast, lysmast, mobilmast, radiomast, taubanemast, osb.

Thumb
Mast på skonnerten «Adventuress» frå 1913.

På store seglskip med høg rigg består ei mast av fleire delar - ei undermast og to (av og til tre) stenger over denne. Ho blir halden i stilling av ein ståande rigg (vant, bardunar og stag).[2]

Master var opphavleg laga av trestammar. Ei pålemast vert laga av eitt tre. Moderne lasteskip kan ha master i form av stålrøyr opp til ca. 3 m diameter for lastebomar. Både undermast og stenger kan vera av stål, som då er hole. Master til seglbåtar blir no laga som ekstrudert aluminiumsprofil med aerodynamisk form og spor til forlik på storseglet.[2] Høgspentmaster er gjerne konstruert ved å sette saman aluminiumsprofilar slik masta får profil av eit tårn med stort tverrsnitt ved sokkelen.

Krigsfartøy har master som hovudsakleg blir brukt til å bera antenner for radio og radar og andre viktige sambandsmiddel.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads