Mathias Gidsel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mathias Gidsel
Remove ads

Mathias Gidsel (fødd 8. februar 1999) er ein dansk handballspelar frå Skjern. Han vart verdsmeister 2021 og 2023 med Danmark sitt landslag. Sidan 2022 gjer han teneste i tyske Füchse Berlin. Han er høgre rykkromspelar.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Landslagsspel

Gidsel fekk sin landslagsdebut 7. november 2020 mot Finland og vart straks teken ut til Handball-VM 2021. Under verdsmeisterskapen i Egypt imponerte han stort då Danmark forsvarte VM-tittelen frå 2019 ved å slå Sverige i finalen. Prestasjonane gjorde at han fekk plass på det såkalla AllStar-laget. Ved dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021 vart Gidsel kåra til turneringas beste spelar, endå om Danmark tapte finalen mot Frankrike. Han spelte også framifrå då Danmark la beslag på bronseplassen i europameisterskapen 2022, atter kom han med på AllStar-laget. I Handball-VM 2023 forsvarte Danmark meistertittelen, samstundes som Gidsel vart toppskårar i turneringa og kåra til den beste spelaren i meisterskapen.

Klubbspel

Gidsel var Gudme-spelar i heimlandet frå 2017 til 2022. Med GOG vann han i 2019 den nasjonale cupfinalen, i 2022 vart han seriemeister. Eitt år seinare bidrog han mykje til at Füchse Berlin slo Granollers 36–31 i finalen i EHF-europaserien.

Merittar

  • VM-gull: 2021 og 2023 med Danmark
  • OL-sølv: 2021 med Danmark
  • EM-bronse: 2022 med Danmark
  • Vinnar av EHF-europaserien: 2023 for Füchse Berlin
  • Dansk seriemeister: 2022 for Gudme OG
  • Dansk cupmeister: 2019 for Gudme OG
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads