Matlock
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Matlock er administrasjonsbyen i Derbyshire og distriktet Derbyshire Dales i England. Han var tidlegare ein kurstad, og ligg ved elva Derwent.
Opphavleg låg det fleire små landsbyar i området: Matlock Town, Matlock Green, Matlock Bridge og Matlock Bank. I 1698 vart det oppdaga varme kjelder der, og kurhotella, kjent som «hydros», sprang opp. Folkesetnaden auka dermed valdsamt, og byen oppstod. Det største hotellet vart opna i 1853, og nedlagt i 1950-åra då administrasjonen til byen flytta inn i bygningen.
I 1893 vart det anlagt ein kabeldriven trikk gjennom byen, inspirert av trikken i San Francisco. Då han vart opna var han den brattaste trikkelinja i verda, og kosta to pennyar opp og ein penny ned. Banen vart nedlagt i 1927 etter at bilar og bussar hadde teke over.

Leys Park er ein stor viktoriansk park ved elva. Han opna i 1898, og har no ein modelljernbane på permanent utstilling i den gamle trikkestallen, som vart flytta til parken, og dessutan ein musikkpaviljong og ein dam med små motorbåtar. Båtane er dei eldste i slaget sitt som enno er i drift i Storbritannia.
Byen ligg i den sørvestlege utkanten av Peak District. Matlock Bath ligg rett sør for byen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Matlock» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads