Matriarkat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Matriarkat er ei samfunnsform som er dominert av kvinner, der kvinner som gruppe har høgare politisk makt og høgaste prestisje i forhold til menn. Det er eit motsvar til patriarkat, eit mannsdominert samfunn. Både familiar og samfunn blir leia av matriarkar, og guddommen vil vera ei morgudinne i eit reint matriarkat. Ordet «matriarkat» kjem av gresk matēr, ‘mor’ og archein, ‘å styra’.

Antropologar har ikkje funne klare døme på reine matriarkat blant kulturar i verda,[1] men det finst samfunn der ein særleg reknar slektskap gjennom morssida og der eigedom blir arva frå kvinne til kvinne. Desse samfunna blir kalla matrilineære. Det finst òg samfunn der kvinna blir rekna som overhovud for familien og har den viktigaste rollen i høve til å styra det som gjeld han, og der morsrolla er svært prestigefylt. Slike samfunn blir kalla matrifokale.[2] Det blir ofte diskutert om forhistoriske menneskesamfunn var matriarkalske, og det finst mange teoriar om moglege matriarkalske kulturar i den djupe fortida, som ein ofte har funne avbildingar av kvinner framfor menn frå.[3][4]

Remove ads

Døme på kvinnedominerte (matrifokale) samfunn

  • Læsø. I Danmark hadde øya Læsø eit slags matrilineært slektsskapsystem frå kring 1728 til kring 1880. Gardbrukarane deira blei omtalt med etternamna til svigerfedrane sine. Gardane blei arva frå far til svigerson der det i resten av landet var den eldste sonen som arva garden. På Bornholm i nærleiken var det den yngste sonen som arva garden. Årsaka var at mennene var sjømenn på seglskipa, og derfor var bortreiste i landbrukssesongen. Det var også mange av mennene som utvandra, så det mangla menn.[5][6]
  • Lesbos og andre øyar i Hellas blir jorda arva på kvinnesida, og slik var det òg i den greske oldtida. Dei få kvinnelege forfattarane ein kjenner til frå oldtida var alle frå denne øya. Dette kom av at mennene var sjømenn (eller piratar).
  • Irokesarføderasjonen var eit militært forbund, men dei eldre kvinnene hadde stor makt fordi det var ei gammal kvinne som var leiar, matriarken av kvart langhus. Kvinnene kunne òg bli militære leiare.
  • Mosofolk lever i eit avsides avfolka fjellområde i Kina. Samfunnet deira er både patrilineært og ein slags matrilineært. Det er dyrt for fattige menn å betala brurepris, og mennene er derfor gamle, over 40 eller meir før at dei har råd til å gifta seg. Jentene blir gift svært unge, til dømes i trettenårsalderen, om dei i det heile blir gifte. Dei einslege mennene vitjar dei einslege kvinnene om natta, men blir buande hjå mødrene sine. Sidan aldersskilnaden mellom ektefellane er så stor, lever enkjer lenge etter mennene sine. Ein familien består derfor gjerne av tre gongar fleire generasjonar av kvinner enn av menn.
  • Himbafolk bur i Namibia og på grensa til Angola. Mennene har kyr og kvinnene geiter. Landsbyen flyttar rundt mellom ulike buplassar, der geitene beiter i området kring buplassen og mennene legg ut på lengre turar med kyrne, særleg i tørketida.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads