Mats Sundin
svensk ishockeyspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mats Johan Sundin (fødd 13. februar 1971) er ein svensk tidlegare ishockeyspelar frå Stockholm. Han vart verdsmeister med Sverige i 1991, 1992 og 1998, samt olympisk meister i 2006. Høgrevengen Sundin spelte på Djurgårdens IF i 1989/90 og vart svensk meister med Stockholms-laget. Der etter var han frå 1990 aktiv i National Hockey League i Nord-Amerika i nitten år fram til han la opp i 2009. Sundin gjorde teneste 1990-94 i Quebec Nordiques, 1994-2008 i Toronto Maple Leafs, før han avslutta med ein sesong i Vancouver Canucks. Gjennom 1346 NHL-kampar sanka han 1349 poeng.

Sundin spelte VM-finale for Sverige i 1990, 1991, 1992, 1998 og 2003. Tre av finalane enda med svensk triumf, mot Canada i 1991 og mot Finland i 1992 og 1998. Alle desse åra kom Sundin med på All Star Team, det gjorde han også under Vinter-OL 2002, ei turnering der Sverige enda utanfor medaljeplass. I 2006 vann Sverige og Sundin OL-finalen mot Finland med 3 mål mot 2.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mats Sundin» frå Wikipedia på svensk, den 28. desember 2019.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads