Mattat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mattat (מַתָּת) er ein liten fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg nær den libanesiske grensa mellom byane Ma'alot-Tarshiha og Safed, og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 185.
Landsbyen vart grunnlagd i 1979 av ei gruppe familiar frå ein organisasjon kalla HaSukah, og var den første busetnaden i Lookouts in the Galilee-planen. Han vart grunnlagd på landområdet til den palestinske landsbyen Dayr al-Qassi.[1]
I dag er mange av innbyggjarane tilsett i lokal industri og jordbruk. Turisme er òg ei viktig inntektskjelde.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads