Matthew Birir

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Matthew Kiprotich Birir (fødd 5. juli 1972) er ein kenyansk tidlegare hekkeløpar som i 1992 vart olympisk meister i 3000 meter hinder.

Kjappe fakta

Birir sette juniorverdsrekord i 3000 m hinder i 1991. Under Sommar-OL 1992 stod medaljestriden på hinderløpet til sist mellom tre kenyanarar, Birir vann etter å ført løpet dei siste par rundane. I verdsmeisterskapen 1993 hamna Birir på fjerdeplassen då to landsmenn og italienaren Alessandro Lambruschini slo han i spurten. Tre år seinare vart Biri på ny fjerdemann i hinderløpet då dei olympiske sommarleikane 1996 fann stad i Atlanta. Atter måtte han sjå to landsmenn og Lambruschini føre seg på resultatlista, men då utan å vere på høgde før oppløpet.

Birir sin personlege rekord på 8.08,1 kom ved eit GP-stemne i Roma 8. juli 1995, der han vart nummer tre bakom to landsmenn.

Remove ads

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads