Matthew Fontaine Maury
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Matthew Fontaine Maury (14. januar 1806–1. februar 1873) var ein amerikansk sjøoffiser, hydrograf, astronom, historikar, oseanograf, meteorolog, kartograf, forfattar, geolog og lærar. Han er vorte kalla «faren til den moderne oseanografien» og skreiv mellom anna Physical Geography of the Sea i 1855, den første omfattande boka om oseanografi.
Han vart leiar for sjøkartarkivet, ein institusjon som utvikla seg til U. S. Naval Observatory og Hydrographic Office. Maury samla inn opplysningar om vind og straum frå loggbøker, og arbeidet hans innan meteorologi vart internasjonalt respektert. Han gav mellom anna ut kart over vind og straumar for Nord-Atlanteren, som gjorde at sjømenn kunne redusere reisetida over havet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Matthew Fontaine Maury» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads