Matthias Conrad Peterson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Matthias Conrad Peterson (fødd 21. september 1761 i Schleswig, død 14. februar 1833 i Trondheim)[1] var ein danskfødd kjøpmann og pressemann som virka i Trondheim. Han er kjent som den første som feira grunnlovsdagen 17. mai offentleg.[2][3]
Peterson var son av ein skomakar og vaks opp i enkle kår. I 1782 kom han med skip til Trondheim og her blei han resten av livet. I starten arbeidde han ved ymse handelsverksemder fram han i 1818 fekk eige handelsløyve. Peterson tok aktivt del i forretningslivet i Trondheim; han var initiativtakar til byens børsliv og fekk plats i direksjonen i Noregs Bank da den vart stifta i 1816. I tillegg leverte han stadig artiklar til Adresseavisen. Han blei tilsett som redaktør i avisa i 1795.[2]
Remove ads
17. mai-feiring
I 1815 tok Peterson initiativ til feiring av 17. mai i Trondheim. Han ville gjere 17. mai til ein stor nasjonal festdag. I 1824 skreiv han i Adresseavisen:
- «Hvor viktig maa ikke Anledningen til saadan en aarlig Fest blive for den tilvoxende Ungdom!»
I 1826 gjekk tusenvis i tog frå Ilevollen i Trondheim, og toget vart òg eit høgdepunkt i feiringa i 1827.[3]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads