Matty Groves

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Matty Groves» er ei engelsk folkevise, eit døme på det som på engelsk vert kalla murder ballad. Han skildrar eit møte mellom ein mann og ei gift kvinne som endar med at ektemannen til kvinna oppdagar dei og tek livet av dei. Dette er eit ganske vanleg tema innan denne sjangeren. Songen går minst attende til 1600-talet og er ein av Child Ballads samla inn av Francis James Child på 1800-talet. Han har òg andre namn, som «Little Musgrave and Lady Barnard». Ei svært populær og meir uskuldeg avleiing er songen «Shady Grove», truleg med opphav i oldtime-musikken frå Appalachane i det søraustlege USA. Han er spela inn av ei rekkje bluegrassband – som det fyrste av den sorten, Bill Monroe and The Blue Grass Boys – og, i The Andy Griffith Show, av The Dillards og Maggie Peterson. «Matty Groves» sjølv er og spela inn mange gongar; innan bluegrass m.a. av Doc Watson.

Remove ads

Samandrag

Kona til ein adelsmann, Lord Arlen (andre namn er Lord Daniel, Arnold, Donald og Barnard), forfører Matty Groves (eller Little Musgrave), ein tenar for ektemannen, med seg til sengs. Lord Arlen får vite om utruskapen; i somme versjonar høyrer ein pasje dei og åtvarar Lord Arlen; lorden lover han løn om han fortel sanninga -- å gjere han til arving eller la han få gifte seg med eldstedottera -- og avrette han om han lyg. Adelsmannen kjem heim, der han overraskar paret til sengs. Han drep dei ikkje med ein gong for Matty bed om å få våpen. Lord Arlen drep Matty Groves i ein duell. Då kona avviser han med forakt og seier at ho heller vil ha elskaren, sjølv om ho må døy, stikk han ho i hjartet. Balladen kan slutte der, eller med at lorden døyr, anten ved sjølvmord eller ved avretting.

Somme versjonar av balladen inneheld element av ein morgonsong, ei poetisk form der elskarane forlet kvarandre etter å ha vore natta i lag.

Innspelingar

Meir informasjon Album/Singel, Artist ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads