Nic Jones

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nic Jones
Remove ads

Nicolas Paul «Nic» Jones (fødd 9. januar 1947) er ein engelsk visesongar, gitarist og felespelar som var mest aktiv i åra frå 1964 til 1982. Han spelte inn fem soloalbum og har ofte spelt som gjestearist. Debutalbumet hans kom i 1970, Ballads and Songs.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han var mykje etterspurt som studiomusikar og spelte på album med artistar som June Tabor, Shirley Collins, Barbara Dickson, Richard Thompson og mange andre.

28. februar 1982 var Jones i ei alvorleg bilulukke. Han køyrde bilen sin inn i ein lastebil som køyrde ut frå eit kryss og fekk store skadar, inkludert ein hjerneskade som gjorde at han ikkje lenger kunne spele gitar like bra som før, og fele kunne han ikkje spele i det heile. Dette enda musikkarrieren hans.[1]

I 2010 dukka Jones opp på scenen att og song tre songar med eit av dei tidlegare banda sine, Bandoggs.

Remove ads

Diskografi

Studioalbum:

  • Ballads and Songs (1970)
  • Nic Jones (1971)
  • The Noah's Ark Trap (1977)
  • From the Devil to a Stranger (1978)
  • Penguin Eggs (1980)[2]

Konsertalbum:

  • In Search of Nic Jones (1998)
  • Unearthed (2001)
  • Game Set Match (2006)[3]

Med The Halliard

  • It's The Irish in Me – The Halliard (1967)
  • The Halliard and Jon Raven (1967)
  • Broadside Songs (2005)
  • The Last Goodnight! (2005)

Med Bandoggs

  • Bandoggs (1978)

Med Maddy Prior og June Tabor

  • Silly Sisters (1976)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads