Mauro Ramos
brasiliansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mauro Ramos de Oliveira (30. august 1930–18. september 2002) var ein brasiliansk fotballspelar. Midtstopparen vart verdsmeister med Brasil sitt landslag i 1958 og 1962, og søramerikansk meister i 1949.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Ramos spelte for São Paulo FC frå 1948 til 1959, eit lag han vart delstatsmeister i São Paulo med fire gongar. Sidan var han aktiv for FC Santos åra 1960-66. Saman med mellom andre Pelé vann han den nasjonale meisterskapen fem år i rad, dessutan sigra laget i Copa Libertadores i 1962 og 1963. I 1966 flytta han utanlands og avslutta proff-tida si hos Deportivo Toluca i Mexico.
Landslagsspel
Mauro Ramos spelte ikkje meir enn 23 landskampar, den fyrste i 1949 og den siste i 1965. Han deltok i verdsmeisterskapane 1954, 1958 og 1962. I 1962 var han lagkaptein for mannskapet som forsvarte VM-tittelen under meisterskapen i Chile.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mauro Ramos» frå Wikipedia på tysk, den 24. februar 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads