Max Roach

amerikansk komponist og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Max Roach
Remove ads

Max Roach (10. januar 192416. august 2007) var ein amerikansk trommeslagar, bandleiar og jazzmusikar.

Remove ads

Roach vart fødd i New Land i Nord-Carolina, og flytta som barn til New York. I 1942 fullførte han musikkstudiane ved Manhattan School of Music, og han kom raskt inn i bebopmiljøet. Her vart han særleg påverka av trommespelet til Kenny Clarke, og han byrja å spele med Coleman Hawkins i 1943. I løpet av 1940-åra spela han med mellom andre Dizzy Gillespie, Charlie Parker, Stan Getz og Miles Davis.

Saman med trompetisten Clifford Brown, starta Roach i 1954 eit band som skulle bli svært viktig for utviklinga av sjangeren hardbop. Med dette bandet etablerte han seg som ein av dei fremste trommeslagarane i etterkrigstida. Etter Brown og pianisten Richie Powell døydde i ei bilulukke i 1956, samla Roach eit nytt band. Trompetistane Kenny Dorham og Brooker Little, saksofonisten George Coleman og pianisten Ray Bryant er blant dei som var innom dette bandet i løpet av 1950-åra, og i 1960-åra spela han med mellom andre Freddie Hubbard, Cecil Bridgewater og Cedar Walton. Saman med Duke Ellington og Charles Mingus spelte han inn plata Money Jungle i 1962.

Roach markerte seg som ein forkjempar for afroamerkianarane sin plass i det amerikanske samfunnet. I 1960 komponerte han musikken til plata We Insist - Freedom Now!!, ein protest mot rasisme i USA. Tekstane var skrivne av Oscar Brown, Jr, og Abbey Lincoln, som seinare (1962-1970) var gift med Roach, song på plata.

I 1970-åra starta han perkusjonsensembelet M'Boom. I tillegg til dette bandet, spela han vidare med sin ordinære kvintett og opptredde med musikarar som Dizzy Gillespie, Anthony Braxton og Abdullah Ibrahim. Roach heldt den aktive karrieren i gang til rundt 2000, då Alzheimers sjukdom tvinga han til å trappe ned på spelinga. Roach døydde i New York City i 2007.

Remove ads

Kjelder

  • Shadwick, Keith (1998): Jazz: legends of style. London: The Apple Press.

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads